tirsdag 14. juli 2009

Jobb!

I går begynte eg på jobben der eg då skal jobbe i heile 5 veke, altså fram til siste feriedag; 16. August 2009. Eg jobbar då på mottakskjøkkenet og i kafèen i 8.etg på sjukehuset. Det er i og for seg heilt greit, men kan vere veldig slitsomt. Og ein ser vel berre fram til fridagane. For når ein begynner kl. 07.00 og sluttar 15.00 og får kanskje max 15 min pause til saman heile dagen, så blir ein sliten, og kan få veldig ilt i føttene etterkvart. Så det første eg pleie å gjere når eg kjem heim frå jobb, er å slenge meg ned på sofaen, for det tar som regel eit par timar før eg klare å gå normalt på føttene igjen. Elles ser det ut som om at eg faktisk har store problem med å gå! 

Første dagen min i går, begynte med at eg stod nede i kjellaren på sjukehuset og ikkje hade den vidaste anelse om kvar eg skulle gå henne. Men så fant eg jo då fram til der klea vi brukar der hang, så var det då å finne garderoben. Men etter nokre minutt fant eg no fram til den også. Så då skifta eg, og skulle då igjen finne kontoret til dei som drive med kjøkkenet. Eg prøvde jo også å spør meg fram, sidan eg kunn gjekk at og fram i gangane og sikkert såg ut som eit stort spørsmålsteikn. Eg fant no endeleg fram til kjøkkenet etter litt om og men, og då eg var komt meg inn dit, fant eg litt lettare fram til kontoret der eg liksom skulle møte ein av sjefane for kjøkkenet. Men var det nokon der? Nei! 
Så då var det til å spøre nokon som jobba der, og då gjekk det ganske greit. Eg som liksom hadde tenkt at eg skulle ha god tid frå eg sykkla heima ifrå og til eg stod klar med påkledning og det heile til 8, men neida. Men eg kom meg no fram til kl. var eit par minutt over 8 sidan eg ikkje viste kvar eg skulle gå. 

Men då eg hadde fått snakka med ho eg skulle snakke med, fikk eg vite at eg eigentleg skulle begynne kl. 07.00! Men, selvfølgelig hadde ingen gitt meg beskjed om det, sidan eg trudde eg skulle følge turnusen eg fikk i posten for ei stund sidan. Men men, ingen skade skjedd av det. 

I dag, altså dag 2 gjekk mykje betre. Berre at inne på det lille kjøkkenet i kafèen i 8.etg. var det 30 grader då eg kom kl. 07.00 i dag. Det var veldig hett! Elles gjekk no gradene ned og låg på ca. 26 grader resten av dagen. 
I dag vaska eg opp, laga til dessertane, vaska golvet og div. Ho eine som jobba der, sa at eg måtte no ha jobba på eit kjøkken før, men nei, det har eg altså då ikkje. Ho sa faktisk også at eg vist nok såg kva som vist nok måtte gjerast utan å spør, eller noko slikt... Det motsatte av det alle dei andre pleie å sei.

Lure på korleis dag 3 kjem til å bli då. Heldigvis har eg fri på Torsdag! WUHU!

Ingen kommentarer: