onsdag 29. juli 2009

Kva skal man sei?

Eg kjem jo på jobb som vanleg kl. 07.00 som eigentleg er alt for tidleg for meg sidan eg då må stå opp så utruleg tidleg. Men eg våkne no litt på sykkelturen opp til sjukehuset. Så når eg kjem på jobb, smører eg rundstykke som vanleg. Så begynte eg å lage til frukost tralla som eg skulle ha med opp på Ort. og i dag var eg heilt aleine der oppe, men det gjekk no bra. Berre at då eg nesten var ferdig med middagen der oppe aleine, kom ho eine frå kjøkkenet og lurte på om eg trengte hjelp, så vart ho litt irritert sidan eg ikkje hadde tatt ei skikkeleg ause til rømmegrauten, men eg trudde jo ikkje grauten var så blaut heller akuratt då... Og så såg ho at eg hadde tatt eit fat med spekemat og eit fat med salat og ein melon bit eller kva det no enn var, og vart då ein smule irritert då og, sidan det tok så utruleg lang tid i følge ho å bli ferdig når eg gjorde det på den måten istede for berre å ha alt på eit fat. Men sjukepleiaren der oppe synst no i vert fall det var bra eg hadde gjort det sånn, så det ikkje vart så "rotete og blanda". Men eg kom meg no ned igjen på kjøkkenet så dei kunne ta pause som dei så inderleg ville ha. 
Så mens dei gjekk til pause, tørka eg utav mattralla eg hadde med opp og satte på plass dei tinga eg ikkje hadde brukt. Så begynte eg med å vaske golvet, men då kom dei ned igjen frå pausen, så då gjekk eg for å lage meg mat til eg skulle gå til pause.
Etter pausen, gjekk eg ned for å hente kveldsen og seinkveldsen som skulle opp på Ort. og så tok eg med oppvasken derifrå og ned i 1 etg. som vanleg og vaska opp. Og då eg var ferdig med det, gjekk eg ned igjen på hovedkjøkkenet, satte dei tinga på plass der dei skulle vere, for så å vaske ferdig golvet. Og då golvet var ferdig vaska hadde eg egentleg ikkje så mykje å finne på, så då venta eg berre på at kl. skulle bli 15.00 så eg kunne reise heim. Eller på Optikaren først då, sidan eg skulle bestille ein ny time til synstest hos ein anna optikar sidan det var billigare der. Og det fikk eg då, så no får eg berre vente til neste fredag (7. August). Så får eg no sjå kor dårleg synet mitt er, og så er det også å velge brille... Vanskeleg!

Ingen kommentarer: