onsdag 15. juli 2009

Dag 3 på jobb

Eg kom meg no vist nok opp i dag også. Var på plass på jobb litt før 07.00 i dag tidleg og begynte å samle sammen kaffi- og tekannene som eg vaska og satte på plass. Så begynte eg med oppvasken, og litt seinare, ca. litt over halv 8, måtte eg gå ned på mottakskjøkkenet for å hente nokre ting til frukosten og div. Så då eg trudde eg hadde fått med meg alt og var reist opp igjen til 8, då eg måtte vere komt opp igjen, gløymde eg selvfølgeleg 10 brød. Så då vart eg jaga ned igjen i hui og hast etter dei brøda. Og for å sei det slik, så er det ikkje så enkelt og bære på 10 brød heilt opp til 8. etg. eller ta heisen opp då. Men eg kom meg no opp igjen så dei kunne begynne å legge på pålegg. Så begynte eg med oppvasken igjen, og satte på plass det som var reint. Så då klokka nærma seg 09.00 vart eg sendt ned igjen etter ein god del ting. Men eg fikk ikkje med meg alt eg skulle ha med opp igjen, sidan det vart heilt fullt på tralla. Og litt seinare igjen, måtte eg ned til ein av sjefane som skulle gi meg nokre kodar og vise meg korleis eg skulle kome meg inn på sidene for å kunne ta ut lønnslippen, skjekke kortid eg skal jobbe og div. slikt noko. 
Då klokka var rundt 10.00 eller noko, og frukosten var ferdig, satte vi oss ned for å ete litt. Så det vart ein kjapp pause før vi fortsatte arbeidet. Og då lagde dei til dessert og middag.
Og når dei fleste var ferdige å ete middag, satte vi oss ned igjen for ein liten pause og med noko å ete i 13.00 tida. 
Så då klokka var rundt 14.00 gjekk eg ned i 2. etg. og inn på kantina med matrestane vi ikkje trengde slik at dei der nede skulle få det.
Og når eg kom opp igjen, var det å prøve å gjere seg ferdig med oppvasken, så vaska eg over golvet før eg vart sendt heim.

Og då eg kjem heim, følest det ut som at beina mine snart kjem til å ramle av.

Ingen kommentarer: