fredag 24. juli 2009

Begynt å komme inn i "systemet"

Når eg kjem om morgonen smører eg som vanleg 30 rundstykker med kvitost, brunost, skinke + pynt som då blir fordelt på 3 brett. Etter det smurte eg på nokre bagettar med egg, bacoon, salat og pynt. Etter det vart eg med ei opp på Ort. sidan eg ikkje stod på noka liste om at eg skulle det i dag, så då hjalp eg ho med frukosten der oppe. Då vi kom ned igjen frå frukosten, smurde vi på nokre fleire bagettar som skulle opp i kafeèn eller kantina. Etter det gjekk dei fleste til pause, mens eg venta på dei andre sommarvikarane, Sofie og ei til. Og mens eg venta på dei, tørka eg og rydda litt inne på kjøkkenet der vi smører på rundstykkene. Då dei andre kom ned igjen, gjekk vi til pause. Og etter pausen vart eg med Sofie opp på eine avdelinga for å hjelpe ho med oppvasken, og den avdelinga likte eg ikkje! Dei var sure og det fantes ikkje noko smil.
Då vi var ferdige å vaske og var komt ned igjen på hovudkjøkkenet igjen rydda eg inne på rommet med alle grønsakene og frukta, der eg då fikk kjeft fordi det var noko eg ikkje hadde gjort riktig. Men ikkje noko særleg rart at eg gjorde feil heller akuratt, sidan ingen hadde fotalt meg at det skulle vere sånn og sånn. Så hjalp eg Sofie med å hente vare som skulle opp på avdelingane, men som portørane trillar hentar og trillar opp. 
Så skulle eg og Sofie vaske heile golvet på hovudkjøkkenet. Men vi måtte leite etter ein mopp til, sidan det kun var ein der frå før. Så vi gjekk at og fram frå reinholdsrommet der alt slikt utstyr er og tilbake igjen på kjøkkenet. Så til slutt ga vi opp, og det endte opp med at eg vaska golvet. 
Så begynte klokka å nærme seg 12.00, så då begynte eg og Sofie å finne fram til middagen, før vi gjekk opp på avdelinga vi skulle vere på. Og i dag fikk eg prøvd meg på å lage til tallerkane med mat, og fata var veldig varme! Og mens vi lagde til maten kom ein av dei tilsette og klagde på at vi ikkje hadde rydda etter oss skikkeleg etter frukosten, og at det var faste som burde kome opp med maten og bla bla bla... Men vi vaska faktisk opp det vi skulle og satte det meste på plass. Og korleis har ho tenkt å få til at det skal vere faste som skal komme opp med middagen når folk også har ferie? Ikkje veit eg, men ho treng ikkje klage til oss som faktisk berre er sommarvikara.
Då vi var ferdige med middagen, gjekk vi ned igjen på hovudkjøkkenet der eg vaska tralla vi hadde middagen i, og venta på at dei andre skulle komme ned slik at vi kunne få pause.
Etter pause gjekk eg og Sofie opp igjen på avdelinga for å ta oppvasken etter middagen, noko som gjekk ganske rast. Så gjekk vi sakte ned igjen på hovudkjøkkenet for å hente kveldsen og seinkveldsen til 2 avdelingar. Så vi somla oss av gårde, og var nede igjen litt over halv 3. Og då vi var nede igjen på kjøkkenet snakka vi med ei om lønningane. Sidan eg ikkje hadde fått lønning og diverse. Så då vi var ferdige på jobb, gjekk eg og Sofie bort på lønningskontoret ved sjukehuset for å høyre kva som var skjedd. Men der fikk eg ikkje noko særleg med svar, så då må eg vente til mandag, og snakke med kjøkkensjefen og nokre andre folk...

Men no er det helg for ein gongs skuld, både lørdag og søndag.
Så god helg folkens.

Ingen kommentarer: