lørdag 20. juni 2009

Sommarferie!

No var det då sommarferie, endeleg! Men kva skal ein finne på? Ein finn vel på noko.
Men eg var på opplæring på fredag på sjukehuset der eg skal ha sommarjobb på kjøkkenet, og eg er ganske så sikker på at eg kjem til og gå meg vill når eg skal begynne å jobbe der. Har 3 veke ferie no før eg begynner og skal då jobbe i 5 veker, til og med søndagen før vi begynner på skulen. Blir vel tungt å stå opp så tidleg på morgonkvisten i dei 5 vekene, men får håpe sykklinga til sjukehuset tidleg på morgonen får vekt meg litt. Og eg blir vel ein del aleine heime også, sidan mamma sikker skal på hytta, men men.

Men kva skal eg no finne på i desse 3 vekene mens eg har ferie skal tru? Skal no vist kanskje til Drammen for nokre dagar, men kva skal eg gjere når eg er hos pappa? Skal sikkert på hytta, blææh! Men men, får vel prøve å bade og herje på no når eg har ferie.

Gledar meg også til vi får vite kvar ein har komt inn på vg2 til høsten. Sjølv om eg er sikra å komme inn på Helseservice der eg har søkt sidan det berre var 13 søkarar på 15 plassar. Men lærarane vi får på Helseservice til neste år, huff! Men får vel berre ta det med ei klype salt og prøve og sjå positivt på det.

Ingen kommentarer: