tirsdag 28. juli 2009

Drit og!

I grunn trur eg at eg skal vere glad eg berre skal vere nede på hovedkjøkkenet ute dinna veka her, og evt. på mandag. Dei 2 siste vekene skal eg vist vere oppe, og godt er det! For no er eg drit lei av å vere nede med enkelte av dissa sure dretkjerringane som blir sure for den minste ting. For i dag stod det at både eg og Sofie skulle vere på Ort. så vi gjekk no opp med frukosten og middagen og det der som vanleg. Men etter 9 pausen pleie vi å ta oppvasken frå frukosten, men Sofie sa vi heller kunne vente med den og ta den ilag med oppvasken frå middag, og det vart eg då einig i. Så vi gjekk ned igjen etter pause og satte på plass varer som var komt og diverse slikt noko. Og etter middagen tok vi då oppvasken nede i 1 etg. som vanleg. Og det må eg no berre sei; sjukepleiera burde virkelig få seg eit kurs i stabling, for slik dei hadde stabla alt det skitne på tralla, gud hjelpe meg altså! Alt i heisen holdt fata på å dette av, og då vi var komt oss ned i 1 etg. sa eg selvfølgelig til Sofie at om det er noko som skulle dette av no, så ekje det vår feil, og kva skjer 2 sek. etter at eg hadde sagt det? Jo, ein del bestikk og diverse ting datt av tralla! Og då braut eg ut i latter mens Sofie begynte å plukke opp igjen. Og i 1 etg. av alle plassa. Men men. Då vi var ferdige med oppvasken og var komt ned igjen for å sette alt på plass og vi skulle finne fram kveldsen og seinkveldsen, begynne ein av dissa sure kvinnfolka å kjefte på Sofie om at vi ikkje trenge å vere 2 stk på avdelingane og at vi ikkje hadde satt på plass alle varene og gudane må no vete kva... Så då endte det opp med at eg vaska golv IGJEN (!) mens Sofie gjekk opp med maten. Og då eg var ferdig med å vaske golvet gjekk vi egentlig berre å venta på å få gå. Og då dei sa vi kunne gå gjekk vi selvfølgeleg.
Og då Sofie var på veg ut av garderoben igjen etter å ha skifta til vanlege kle igjen, høyrde ho dretkjerringa seie "Ho vart jammen fort ferdig" på den måten at ho meina at ho gjekk for tidleg. Men hallo? Nokre er raske til å skifte klede, og i tillegg var no faktisk Sofie sist av oss sommarvikarar! Kunne vridd nakken om ho der snart altso. 
Men ein ting er no sikkert, sjølv om det høyrtest ut som at ho eine eg jobba med i 8 etg. den første veka eg jobba på sjukehuset ville eg skulle søke til neste år, som er eg i vert fall 110% sikker på at det kjem eg IKKJE til å gjere!
Og no ventar eg eigentleg også på at eg skal få lønna mi for Juli, som eg faktisk skulle hatt den 10 Juli! Herreminhatt altso. 3 daga igjen no, før det er helg igjen, skal pinadeg bli godt!

Ingen kommentarer: