torsdag 23. juli 2009

Heilt grei dag på jobb

Som vanleg startar dagen med at eg begynne kl. 07.00 og smører på 30 rundstykke. Då er det 10 med kvitost, 10 med brunost og 10 med skinke + pynt, som er agurk og paprika. Og når eg er ferdig med det, smører eg på nokre andre rundstykker om det fortsatt er tid til det, for rundt 08.00 begynnet vi å lage til trallene med frukosten vi skal ha med opp på avdelingane. 
Då vi kom ned igjen frå Ort. avdelinga med frukosten, venta vi eigentleg på å gå pause. Og mens vi gjorde det, smurde eg endå ein haug med rundstykke, berre at desse var det kvitost, skinke og eit salatblad + pynt. Så fikk vi no endeleg pause rundt 09.00.
Då vi kom ned igjen frå pausen, reiste vi opp på Ort. avdelinga for å hente oppvasken ettr frukosten, så var vi nede i kafeèn i 1. etg. for å vaske den opp. Og då eg var ferdig med det tok eg oppvasken nede på kjøkkenet, og eg trudde aldri den skulle ta slutt. For kvar gong det begynte å minke med oppvask, kom det alltid meir. Men det vart no tomt til slutt. Etter oppvasken, vaska vi golvet inne på det eine lille kjøkkenet der vi smører på rundstykka. Så begynte vi å finne fram det vi skulle ha med opp på avdelingane til middagen, som varme fat, plast glas, ause, brett og bestikk. Og då vi hadde funne fram det vi skulle ha med opp, reiste vi opp og begynte å lage til middagen og sette dei inn i vognene. Då vi kom ned igjen, venta vi på å få gå til pause. Etter pausen gjekk vi ned for å hente kveldsen og sein kveldsen til avdelingane. Så eg var då opp på Ort. med den, så tok eg med meg dei skitne tallerkane og det frå middagen ned i kafeèn igjen for å vaske det. Og då eg var ferdig med oppvasken, gjekk eg ned på hovudkjøkkenet med det som skulle ned dit. Og var eigentleg ferdig rundt 14.35. Så då gjekk eg eigentleg berre litt rundt nede på kjøkkenet og såg litt, sidan vi ikkje fikk lov til å gå fordi vi har arbeidstid til kl. er 15.00. 
Men men, kom meg no endeleg heim. Men det er enkelte nede på ditta hovudkjøkkenet som blir sure for ingenting, og det er jo faen så irriterande!

Ingen kommentarer: