lørdag 18. juli 2009

Dag 4 og 5 på jobb

Dag 4 gjekk eigentleg ganske greit. Var ikkje sånn kjempe mykje å gjere sånn at det vart stress heile tida. Men eg tok oppvasken eit par gangar, lørte meg meir med det å lage til bretta til frukosten og sette dei inn i trallene. Så smurde eg også på til "kvelds" og til "sein kvelds". 

Dag 5 var eigentleg ganske så stress. Spesielt sidan det var ein god del oppvask då vi kom på morgonen, sidan nokre kom med einda meir skitten oppvask då vi hadde skrudd av oppvaskmaskina, og i tillegg til at vi kun var to stk. på jobb.  Men sjølv om vi kun var to stk. på jobb i dag, kom vi no i mål til kl. var 15.00 i dag. Men eg lagde no til brettvognene til både frukost og middag i dag, smurde til "kvelds" og "sein kvelds", tok ein god del oppvask, tørka borda, og satte på plass det som skulle settast på plass. Men ein får veldig vondt i beina, eller under føtta og i knea av å stå og gå såpass lenge som vi gjer der på jobb. Ryggen og nakken får også gjennomgå sin del, eller nakken ekje så mykje, men når ein driv med oppvasken veldig lenge, så kjenner ein det. Så då er det veldig godt å hive seg på ein sykkel eller noko når ein skal heim istede for å gå. Men det er også veldig deili å legge seg ned på sofaen når ein er heime, men det endar som regel i at eg sovnar, og risikerar då og sove i eit par timar. Men elles er eigentleg jobben heilt grei, sjølv om tida kan gå veldig sakte til tider. 

Ingen kommentarer: