mandag 27. juli 2009

Tidlig oppe

Begynne som valeg kl. 07.00, og i dag var det tungt å dra seg på jobb. Men eg kom meg no på jobb, skifta og gjekk inn for å skjere opp 30 rundstykke. Så lagde vi til litt fleire rundstykke etter det. Og litt over halv 8 begynte eg å lage til til frukosten. Og i dag skulle eg vere aleine på Ort. Og det gjekk heilt greit med frukosten heilt til ei dame som nett var ferdig med ferien som også jobbar på kjøkkenet, kom og skulle "hjelpe" meg. Men det einaste ho "hjalp" meg med var å kome heilt ut av alt eg hadde i haude. ARG!
Så gjekk vi ned igjen på kjøkkenet der eg hjalp ein av dei andre sommarvikarane med å laga til fruktskåler før vi fikk pause. Etter pausen reiste eg opp på Ort. og tok med meg det som skulle vaskast ned i 1 etg. for å vaske det. Og då eg var ferdig med det, tok eg det med meg ned på kjøkkenet der eg satte alt på plass før eg begynte å vaske heile golvet aleine med mopp og spruteflaske. Då eg var ferdig å vaske golvet begynte eg å lage til til det eg skulle ha med meg opp til middagen på Ort. før eg då gjekk opp. Og då eg hadde gjort nesten alt klart til å begynne å lage til tallerkane med mat, hadde eg selvfølgelig gløymd igjen plast glas, så då vart det ein kjapp tud ned igjen for å hente det. Og då eg kom opp igjen, kom Sofie traskande inn og hjalp meg sidan det var så lite å gjere i 6 etg. Og plutseleg kom ho frå frukosten igjen også, men vi klarte no å "jage" ho vekk på eit vis, og godt var det!
Då eg var ferdig med middagen gjekk eg ned igjen og samla sammen maten og vaska tralla maten var på. Så lagde eg med mat til vi skulle ha pause, og mens eg venta på å få pause, gjekk eg for å snakke med kjøkkensjefen angåande skattekortet og lønna, og det skulle no heldigvis han fikse, så eg slapp å gå bort på lønningskontoret etter jobb. 
Etter pausen gjekk eg ned for å hente kveldsen og seinkveldsen til Ort. Så gjekk eg opp med den, og tok med meg alt det skitne som skulle vaskast ned i 1 etg. igjen for å vaske det. Og vaskinga tok ikkje så lang tid, så den vart eg ferdig med rundt 14.20 eller noko. Så då gjekk eg ned igjen på kjøkkenet og satte alt på plass der det skulle vere. Og elles gjekk eg berre rundt og venta på at klokka skulle nærme seg 15.00 sånn at eg kunne gå. Og då klokka var ca. 14.50 kom dei 2 andre sommarvikarane ned igjen med oppvasken dei skulle sette på plass. Og eg skjønar ikkje korleis 2 stk. kan bruke så lang tid på så lite oppvask! 

Ingen kommentarer: