onsdag 22. juli 2009

Ville opp i 8. etg.

Eg er då nede på hovudkjøkkenet no, og det synest eg er temmelig drit. Savnar rett og slett å vere i 8. etg. men skal heldigvis vere der oppe dei 2 siste vekene eg jobbar på sjukehuset. 
Men nede er det å smøre rundstykke når vi kjem på jobb, så lagar vi til det vi skal ha med opp på nokore av avdelingane for å servere frukost, eller lage den til blir vel rettare sagt. Og i morgon skal vist eg opp på Ort. aleine, lure no virkelig på korleis det kjem til å gå, og spesielt med middagen og det der. Men elles syns eg det er kjedelig å vere nede. For eg føle at eg ikkje heilt veit kva eg skal gjere til den og den tida. Og så i tillegg blir jo dei som jobbar der så grenselaust fort sure. Om du seier ein av dei som jobbar der fast har gjort ein liten feil, er det ikkje deira feil, men min. Altså taklar dei ikkje at folk seie det. Gode gud altso! Nokre av dei ansatte er greie nok, men jammen santen ikkje alle. 

Men i dag var heldigvis Sofie også nede på kjøkkenet, så då masa eg sikkert nesten hol i haude på ho dei gangane eg ikkje fant det eg skulle finne. Så hjalp eg ho også oppe på Ort. med frukosten, middagen og då vi skulle opp med kvelds og sein kvelds. 
Så på lista der det står kven som skal f.eks. gå opp på Ort. med mat eller som skal vere i 6 eller 8 etg. sto det at eg skulle vere i 8 etg. i måra, men også at eg skulle på Ort. Så eg var då "dobbeltbooka" som Sofie kalte det. Så då spurde vi, og då fikk eg beskjed om at eg kunne vere nede i måra og. Dermed vart dagen min øydelagd. Eg som ville opp!

Ingen kommentarer: