søndag 19. april 2009

Blogg, ikkje heilt min greie

Blogg er kanskje ikkje heilt min ting. Eg klare jo aldri å oppdatere bloggen min, og eg glømme den stadig vekk. Men no BÆNG eg skal skrive litt i bloggen min. That's just WOOOOOW Ö

Men det er faktisk ganske so mykje so har skjedd dei siste måndane.
Eg starta å trene fast på Spenst, kjøpte meg årskort faktisk
Dina fikk kvalpa
Eg jobba meir med skulen. (Gjer eg egentlig det...? oO)
Og det er SOL ute, og har vert det i 1 veke allerede, håpe berre det vare :)

Begynne med spenst.
Steffen verva meg og Inger lise (med vår tilatelse sefølgelig). Så eg prøve no å trene annakvar dag, mandag, onsdag og fredag, eller andre dagar også. Tredemølle, steppmaskin, sykkel, og litt styrketrening. Eg som hatar å jogge, tar det først. Godt å kunne bli ferdig med det, og pressing må til. Spesielt etter påskeferien, då eg ikkje hadde fått trent på 2 (!) veke. Trudde eg skulle krepere på tredemølla. Men andre gangen gjekk det fint.

Så var det kvalpane då.
Viste at det nærma seg fødselen. Så då eg hadde pause på praksisplassen eg var på fikk eg plutselig melding av mamma om at no var første kvalpen ute og at det vart ein hann. Og kem begynnte vel ikkje å stresse då? Jo, meg! Så då var det full fart inn til ho som hadde "ansvar" for meg på praksisplassen og seie at hunden min hadde begynt å føde og spør om eg kunne få reise heim igjen, og det fikk eg sefølgelig lov til. Så då eg kom heim, venta vi på kvalp nr. 2 som såg ut til å sitte litt fast. Så mamma ringte dyrlegen, som sa at om ingenting hadde skjedd innan 30 minutt, så kunne vi komme innom så han fikk sjå litt på detta. Så vi venta litt, og til slutt fant vi ut at vi berre skulle reise. Så då måtte eg ta den nyfødte hannen innanfor gensaren min slik at han ikkje skulle fryse når vi gjekk ut, og så var det å sette Dina i buret bak i bilen og kjøre i full fart til dyrlegen. Og 5 minutt etter at vi kom til dyrlegen fødte Dina rett forran disken på dyrlegekontoret. Først masse "brøling" frå Dina, og plopp, masse blod og ei lita tispe var ute. Alt gjekk bra. Som dyrlegen sa, så måtte Dina berre få rørt litt på seg, og som dei fleste hunda, så like jo ikkje dei dyrlegen, så kanskje det var det. Men så var det å ta rønken sidan vi egentlig trudde det var 3 kvalpar. Men grunnen til at vi trudde det, var at då vi tok rønken sist, hadde ho sikkert bevega litt på seg slik at det såg ut som at det låg 3 kvalpa inne der. Men så fikk vi reise heim igjen etter ca. 1 - 2 timar. Født på "ulykkesdagen" Fredag 13.03.2009. Fikk namnet Noah og  Lu-Lu.  Så dei er no to små livlige Coton de Tulear kvalpar.


Og det at eg jobbar meir med lekse og slikt noko, veit eg egentlig ikkje om det er heilt riktig. Sjølv om lærarane mine seier at eg garantert jobbar med lekse heime og slikt noko, så tar dei jo feil. Dei einaste gangane eg gjer skulearbeid heime, er når vi skal ha prøve, innlevering eller av og til framføring. And that's it. Dei seier at eg kan meir enn det ser ut til at eg kan. Eg har det i meg? Whaaaat? oO
Men så når eine læraren min hadde elevsamtale med meg, sa ho faktisk når eg aldri hadde trudd nåken lærar faktisk hadde tenkt å sei til meg. Ho sa eg var ein av dei som var komt i "feil" klasse. Ikkje at dei som har sagt at eg skal komme i den klassen eg går i no har gjort feil, men berre jah... Eg føle meg jo uansett som en "outsider" i klassen. Er aldri med dei i klassen min eller nåke. Og som vanli er eg garantert til å havne på gruppe med dei eg ikkje kan fordra i klassen. Og sjølv dei som kjenner meg, som eg faktisk har kjendt sia vi var små, sender meg faktisk frivillig inn i den gruppa så lenge dei sjølv kan sleppe å vere med dei stygge kreka. Greit det, eg er ei søppelkorg, det veit eg. Mange som snakke drit om meg bak min rygg, faktisk uten å kjenne meg også. Eg er jo "ho feite som alltid sitte i sofaen" på skulen. Det er berre såååå hyggelig å høre på når folk seie det. :) Men det gjer faktisk ikkje dei til nåke bedre ;) But I don't care. People don't care. 
Glede meg til eg får vite kass linje eg kjem inn på til høsten. Og glede meg til å begynne, sjå kem eg kjem i klasse med. Håpe berre ikkje klassen blir slik den eg er i no :)

Påska er over, og våren setter inn. Jula vare helt til påske er det sant? Der vi har hytte, i Stavang kunne ein nesten tru det. Pappa skulle sta å kjøpe påskemarsipan, men dei hadde berre julemarsipan der, haha. Men i påska var det egentlig ganske så fint vær. Men no, etter påska, det er jo heilt ekstremt ! :D
Har vert sol heilt veka, blå himmel og tørre vegar. Og det lille regnet som kom ein fag, og som varte i maks 30 minutt, kan ikkje kallast regn engang, så lite som det var. Og somregel er det over 20 grader i sola, deeeeili ^^

Så no ventar vi berre på sommarferien :)