fredag 12. desember 2008

Trally

Oj, eg har skreve i den nye bloggen kvar dag sia eg lagde den, holy shit xD

ikkje det at det er nåken interresange innlegg då, men eg skrive no i det minste.

Ingenting so har skjedd i dag sånn egentli. Då eg skulle til å pakke ned kle å sånt sia eg skal vere hos pappa i helga, kom eg på at eg måtte lage kort til gavel til Inger lise som er fra meg og Steffen, so då fiksa eg det i full fart, før eg begynte å pakke.


Så gjekk eg bort til pappa, å litt seinare var eg med han bort til Mariann (dama hans). ho var på massasje eit eller anna greie ho og nåken andre skal starte opp. Det skal faktisk åpne i måra, so no er det fill jobbings der borte. Men eg og pappa var berre i full far bort dit med ei gardinstang, før i reiste på jobben til pappa for å finne en drill å skrua eller nåke. Å det lukte så sjukt godt på jobben hans. Bilverksted.

Men når vi hadde henta det, reiste vi ned igjen så pappa fikk hjelpe dei med å henge opp gardinene. Og sia eg ikkje gadd vere der borte lenger, stakk eg heim.

Når eg kom heim, skulle eg egentli sjå film "the eye" men gjett kva! eg hadde greid å laste ned ned på polsk eller nåke, faen så dom det går an å bli då xD

Så no vente eg at en ny en skal laste ned, så eg får en på engelsk.

Så sia eg ikkje fikk sett filmen, såg eg gjennom nåken gamle stila, å eg fant en om Trally, gammle hunden til bestefar.

Så eg tenkte eg kunne legge stilen inn her :)


Sakn:

"Den 10. mai 2007 gav Trally opp kampen mot det dårlige hjertet. Han var på veg opp bakken til huset, då han plutseleg la seg ned midt i bakken og gav opp kampen. Trally vart 14 år gammal.

Tinka, den andre hunden, går no og leitar etter Trally, sjølv om dei ikkje var bestevennar.

Både Trally og Tinka er bestefar sine hundar, eller Trally var. Dei har hatt Trally sidan han var kvalp, og dei har opplevd både glede og nytte i han. Tinka derimot, fikk dei for vel fem år sidan, om det ikkje er meir eller mindre, men ho lever i beste velgåande sjølv om ho er gammal.

Trally var ein fantastisk hund. Ein skikkelig Islansk Fårehund. Han pleide å springe etter kattane på gården og bilane på vegen sjølv om han ikkje fikk lov. Men han pleide ofte å vere med bestefar på fjellet med sauene om sommaren, det synest han var stas.

Ein gong då eg var lita, gjekk eg ofte turar med Trally, sjølv om eg ikkje greide å holde han igjen. Ein gong eg hadde vert ute med han, hadde eg ikkje greid å holde han igjen, men å sleppe taket på badet var ikkje snakk om, så eg han på slep etter han til eg glapp taket, og ikkje greide å holde bandet lenger. Eg var alltid nervøs når det kom bilar forbi, sidan eg viste at han pleide å springe etter bilane, men av ein eller annan grunn gjorde han nesten aldri det då eg gjekk på tur med han. Skulle nesten tru han sprang etter bilane for og få litt trim.

Noko av det beste Trally likte på sommars tider, var nok å gå opp elva og bade, det var stas det. Då er det litt anna med Tinka som vi trur har vannskrekk. Ho skal helst vasse uti sjølv, mens Trally hoppa glatt frå kaia om vi er nede med sjøen. Sjølv om eg kanskje ikkje hadde tenkt å bli våt, tenkte vel Trally at her skulle vi ha det litt morosamt, så kjem han bort og ristar seg attmed meg, så eg òg blir våt. Fikk meg nok ein god latter då, hehe.

Som regel stod Trally i band ute nesten heile tida, men etter at posten hadde vert der, fikk han gå laus. Eg gløymer nok aldri den gongen postmannen påstod at Trally hadde bitt hol i dekket på bilen. Trur nok ikkje han kunne ha greid å bete hol i eit dekk.

Sjølv om hesten Vangen, som også bur der kan sparke og bite, pleide han ikkje gjere Trally noko, sjølv om han gjekk imellom beina på Vangen. Det var ein gong eg rei Vangen, då plutseleg Trally stod mellom frambeina hans. Då skulle Vangen terge litt, så han beit tak i pelsen til Trally for liksom å seie: ”Nei, her kan du ikkje stå, eg kan løfte deg vekk eg.” Så slapp han taket, og Trally gjekk sin veg.

No då Trally var blitt dårlig, gjekk han rundt og hosta og feis, han fikk betendelse på auget, sprang ikkje så fort og vart alltid andpusten av å gå opp bakken til huset. Men å bjeffe på bilane som kjørte forbi, greide han.

Trally var ein snill hund. Då vi fikk Dina, hunden vår, fikk ho klatre på Trally uten at han brydde seg. Dina kunne vere aleine inne med han, uten at han gjorde ho noko. Men Tinka, ho vart som oftast sjalu om det ikkje var ho so fikk oppmerksomhet, så vi måtte holde eit lite auge med ho, om Dina var i nærleiken.

Om nokon satt og koste og klappa på Trally, og Tinka såg det, vart ho sjalu og la han i bakken med ein gong så ho skulle få kos i staden, men då fikk ho heller kjeft.

Om Trally stod og bjeffa på bilane, gjekk Tinka foran han, å begynte og kjefte på Trally for å prøve å få han til og slutte med den bjeffinga på bilar. Men no har ho ingen og kjefte på, anna enn bestefar når ho ikkje får sitte på i traktoren.

No er alt stille, ingen Trally bjeffing og ingen Trally.

Det var forteljinga om Trally, og korleis vi alle kan sakne nokon, både menneske og dyr."


Ikkje nåke bra skreve då, er fra 9. klasse trur eg.




Ingen kommentarer: