tirsdag 9. desember 2008

Heildagsprøva i matte

Heildagsprøva i matte gjekk vel sånn bob bob kan eg tenke meg... Eller som eg alltid svare når folk spør kossn det gjekk: "eg veit ikkje", då kjem ALLTID spørsmålet om korleis trur du det gjekk? slår aldri feil det der. samma svare der og. eg veit ikkje kossn det har gått på ei prøve før eg får den tilbake, å uansett, så er det aldri verdens undergang om det går dårli på ei prøve, eg drite no vel i det. Bedre lykke nesten gang liksom.
Brukte ca. 2 tima på heile dritten, å var då ferdi rundt halv 11, jiha, tidli heim. Å då eg kom heim, hadde dei begynt å legge nytt golv i stua. Men men, eg gjekk no inn, satte meg på datan å vente på at Wall-E skulle bli ferdi å laste så eg kunne sjå den mens han dreiv å bråka. Så spurte han meg plutselig om eg kunne sette på radioen, så eg tenkte liksom "radio? vi har no faen meg ingen radio! oj, jo, vi har jo radio på Tv'n" seriøst, eg er jo stein stokk dom xD
Så eg slo no i vert fall på den til han, så fortsatte han å bråke enda meir, hammra, trampa, å gudane må no vel egentli vite kva han dreiv med. Så etterkvart kom mamma heim. Å ho lurte på kva i all verden eg gjorde heime så tidli. Men men...
Så måtte vi hjelpe han der golv leggar fyren å flytte på sofaen, stueborde å tv'n å det så han skulle få legge ferdi golvet, så no har vi fått eit enda finare golv heime. Burde sette opp skilt "OBS! Skli fare!" haha, blir vel ekstra glatt for Dina når ho drive å herje rundt på golve no då.
Så vart no endeli Wall-E ferdi å laste, så då såg eg den ferdi før eg pakka ned datan å stakk bort til pappa. der var det då å stappe i seg nåke mat, altså kylling, å så opp på romme. så her sitte eg no då, å høyre på musikk. å eg burde vel egentli begynne å øve så vidt til Yrke prøva vi skal ha på onsdag (?)
Så i dag har også Inger lise bursdag, 17 år. Gratulere med dagen, IGJEN <3
Men sånn alt i alt, gjekk vel prøva sikkert bra, eller... OK :)

Ingen kommentarer: