onsdag 13. mai 2009

17. Mai like om hjørnet

No er 17. Mai like om hjørnet og dei som skal gå i bunad, gjer vel den klar rundt dinna tida. Vaskar og stryk bunadsskjortene og kanskje dei til og med pussar alle søljene dei skal bruke. Kven veit? Ikkje eg i vert fall.
Men huskar folk no til dags kvifor vi eigentleg feirar 17. Mai? Eller går vi liksom i tog berre for gøy? Nei, det som er så viktig (?) med 17. Mai, er at "Den 17. mai 1814 undertegnet samtlige representanter på Eidsvoll en ny grunnlov for den selvstendige staten Norge, og de valgte Christian Frederik til konge. De viktigste idéene i grunnloven var radikalt tankegods som fikk sitt gjennomslag i den amerikanske uavhengighetserklæringen og den franske revolusjon."
For å sei det slik, så er det ikkje akkurat det som er det første som slår meg når 17. Mai kjem. 
For meg er 17. Mai ein dag vi ser på toget eller går i det, for så å gå på barneskulen der det er forskjellige leikar (som eg er alt for stor til no), men det er også mykje is- og kakeeting. Men til sist, også min bursdag. 

Fortell litt om kva DU pleier å gjere på 17. Mai.

Ingen kommentarer: