onsdag 6. mai 2009

Sminke og kle

Det er ein ting eg lure på, og det er kva som ville skjedd om vi hadde ein dag, eller kanskje fleire dagar (?) der det ikkje var lov til å bruke sminke. Eg trur det hadde vert veldig mange som hadde holdt seg innanfor husets fire veggar då i vert fall og ikkje gått ut i det heile. For folk no til dags er skummelt avhengig av sminke og mote elles. Og kva er eigentleg vitsen med å bruke sminke? Ja, du prøve å bli finare enn du synest du eigentleg er, men det ytre har jo ingen ting å sei sånn eigentleg.  Men ein ting er greit, å bruke sminke for å stæsje seg opp litt om ein skal ut på fest og liknande ting, men kvar einaste dag både på skule og jobb, det tærer jo på huda også. Folk vil kanskje spør kva i all verden eg veit om ditta her i det heile sidan eg ikkje brukar sminke eller bryr meg om mote. Men eg tenker, leser og ser. Eg veit kanskje meir enn det folk flest trur.

Men uansett, kvar enn du går, er det folk rundt deg med sminke. Nokre er forsiktige og brukar lite, mens andre "kliner" på med fleire tonn sminke og brunkrem. Dei fleste eg har sett som brukar brunkrem, har somregel lyse ringar rundt auga og skilje frå halsen og ned. Dei overdriver bruken og klarar ikkje å jevne det ut ser det ut som. Det ser igrunn litt tåplig ut.Og vi ser på reklame kvar einaste dag der dei reklamerer for at dei har best sminke produkt og alt det der, men for det første er det heilt individuelt sidan nokre kanskje kan reagere på dei stoffa som er i akuratt den sminken, men dei kanskje ikkje reagerer på ein annan type sminke. 

Så har vi også kle. Eneklte folk kjøper nye kle kvar einaste dag. Og kor mykje kostar vel ikkje det? Og i tillegg tenker ikkje slike folk så mykje over om klea kanskje er slitesterke eller ikkje. Og eg har sett sånn som når folk skal på skuleball og liknande, så kjøper dei kanskje kjolar til fleire tusen kroner, for så å aldri bruke den meir enn den eine dagen. Tenk på alt du kunne brukt dei pengane på. Folk handlar meir kle enn dei har bruk for. Klesskapa blir vel stappa kan eg tenke meg. Og folk flest må vel bestemme seg folk kass antrekk dei skal gå med dagen etterpå. For eg trur ikkje alltid det er like enkelt å velge ut eit antrekk blant fleire hundre omtrent. 
Og i tillegg, folk som er vande med å kun gå i motekle omtrent, kan begynne å sjå veldig ned på andre som ikkje er så opphengt i det trur eg. Slik som meg, eg er ikkje opphent i verken mote eller sminke, og eg går somregel i joggebukser og hettegensera eller hettejakke. Kle EG synest er behagelige. Eg bryr meg også eigentleg svært lite om kva folk syns om meg då, men eg likar den stilen eg har.
Men det å unne seg eit nytt plagg ein skjeldan gong, er alltid lov.

Ingen kommentarer: