tirsdag 5. mai 2009

Hundar

Hunden. Sagt i å vere menneskets beste venn. Men er vi hundens beste venn? Neppe. Enkelte folk bryr seg ikkje det minste om hunden/hundane sin(e). Folk som har opp til fleire store fullt vaksne rottweiler, kan finne på å sette dei i nokre små trange utegårdar til hundane. Dei går praktisk talt i rein møkk sidan eigaren ikkje gidde å plukke opp all bæsjen deira eller å reinse noko inni utegården. Hundane står der kanskje dag ut og dag inn. Store hundar som eigentleg treng mykje mosjon og trening kvar einaste dag. Dette er også noko som kan øydelegge ryktet til både hunderasen og eigaren sidan hunden kan utvikle "feil" gemytt, og eigaren kan bli tatt i å ikkje kunne passe på noko som faktisk er levande og som også ha følelsar.

Folk som ikkje er vande med hundar, kan også kome i fare for å sjå på hundar som farlege dyr. Dyr som kan gå til angrep. Dei fleste hundar går som regel ikkje til angrep så lenge dei ikkje blir "trua" av ein fremmed. Altså, om nokon slår dei og liknande. Er ein hund riktig trent og får alt den treng av mat, drikke og mosjon, trur eg hunden vil kome til å bli ganske roleg, i vert fall etter turar og slikt. 

Men det som også er synd, er at så alt for mange folk ser ein kvalp og synest den er så utruleg søt. Men som alle andre levade skapningar, så veks den og blir voksen, og er ikkje lenger den lille søte kvalpen dei såg. Dei gløymer kanskje då vekk hunden, og hunden endar med å bli gjeve vekk. 
Eller om ein han små ungar som masar og masar om å få ein hund og seier dei skal ta seg av alt stellet og slik noko. Men ein dag går dei somregel lei, og foreldra har kanskje heller ikkje tid til å kunne ta seg av den aleine. Som sagt igjen, den blir gjeve vekk. 
Så det eg synest ein bør tenke på når ein skal skaffe seg ein hund er ein hun kan leve i nesten 15 år, og meir enn det også. Du kjem til å bli "bestevennen" til hunden. Har du tid til å ta deg av ein hund kvar dag i kanskje meir enn 15 år? Og kvar kan du gjere av hunden når du eventuelt skal på ferie? Ta den med deg? Og i tillegg, har du råd til å ha hund? For det kostar nemli ein del det også. Mat, dyrlege, leikar og diverse anna utstyr ein treng for å ha hund. Ein bør også finne ut kass rase som passar til den enkelte. 

Nokon behandlar også hundane sine som om dei var nokre menneske. Kle, sko, BARNEVOGN til hund (!) kvar går grensa eigentleg? Skal ikkje hundane få oppføre seg som hundar lenger? Og kva er vitsen med denne såkalla barnevogna designa for hundar? Dei må jo få lov til å gå på eigne bein, og i tillegg få gjere ifrå seg. Det blir som filmen "Beverly Hills Chihuahua" og eg meinar ikkje noko gale i filmen, for den synest eg var bra, men å ha det slik i det verkelege liv for ein hund? Nei, eg trur nok ikkje det. Det er greit med nakenhundar eller hundar som elles er kjend for å kunne "fryse" når det er kaldt ute å bruke ein dress, men kjole og finsko? Nei. La hundar få vere hundar og ikkje nokon jåledukke.

Ingen kommentarer: