torsdag 11. juni 2009

Why?

Akuratt no sitt eg å drikke kakao mens eg høyre på The Voice på tv.
Men det er noko eg har tenkt på i heile dag, og det er rett og slett oppførselen til ein person. Føler personen av og til - som no, oppfører seg som om at det er veldig synd på han. Men kva ville du eigentleg at eg skulle ha gjort då? Latt oss begge levd på ein løgn? Sløst med begge partes liv? Why are you doing this to me? Do you realy don't think I care? Vel, då skal du faktisk få vite ein ting, og det er at eg bryr meg faktisk. Eg ville aldri skade deg på noko vis, verken fysisk eller psykisk. Men korleis trur du EG følte meg, då du laug til vennane dine, om slik som kvar eg eigentleg budde? Og du kallar dei bestevenner? Eller rettare sagt; og dei kallar DEG ein bestevenn? Hadde nokon gjort noko slikt til meg, hadde eg blitt djupt såra, og følt at dei ikkje stolte på meg. Og bestevennar både bør og skal stole på kvarande synest eg, og ikkje bli løge til midt i tryne. Veit dei det no? Kven eg eigentleg var? At eg ikkje gjekk på den skulen du sa eg gjekk på, at eg ikkje budde i den byen du sa eg budde i? Unskyld meg, men eg trur faktisk neppe du har sagt sannheten til dei no heller.
Men i tillegg virkar det som om du legg skylda på meg for at du vistnok har blitt sjuk no? Why? Korleis trur du eigentleg eg følte meg då du sa det til meg på den måten? Eg følte meg rett og slett råtten tvers igjen. Kva hadde eg gjort? Men i ein slik situasjon skal eg ikkje berre tenke på deg, men også på meg, og mine følelsar. Det er noko du faktisk bør hugse på! Og på den måten, gjorde eg ein teneste til oss begge. For korleis hadde du likt å vert ilag med ein person som ikkje ein gong likar deg lenger? Ein som begynn å trekke seg vekk? Du hadde blitt såra hadde du. Akuratt slik du er no, men det går over. 
Men synst ikkje du berre kan snu ryggen til meg, virke sur og gretten, og få ting til å virke som om at alt er min feil! Synest du verkeleg det er rettferdig? Tenk om det hadde vert stikk motsatt no, slik at eg hadde gjort det du gjorde mot meg, mot deg. Har du nokon gong hørt ordtaket: "Gjør mot andre, som du vil andre skal gjøre mot deg" eller "Gjør ikke mot din neste noe du ville mislike dersom det ble gjort mot deg"
Og ein ting til, eller dette er kanskje eit råd (?)
"Virkelige vansker kan overkommes,
det er bare de problemene vi innbiller oss 
som er uovervinnelige"


Unskyld for alt.

Ingen kommentarer: