torsdag 7. mai 2009

Folk dømmer for fort

Nokon gong tenkt over kor mange personar du dømme iløpe av ein dag? Trur det er ein del. Slik som ei "oversminka berte" kan bli tatt i å vere laus om ho går lett kledd og med mykje sminke. Er det rettferdig? Nei, trur ikkje det. Og om ein person likar å gå i svart, blir han somregel tatt i å vere emo. Men folk flest veit ikkje ein gong kva emo betyr. Dei trur det betyr å drive med sjølvskading, men neei, feil igjen. Emo betyr emosjonell, altså følelsa for dei som ikkje viste det, men Google it, gidde ikkje skrive alt det her no.
Men vi dømme for mykje iløpe av ein dag. Ut av handlingar ein person har gjort, eller f.eks. ikkje gjort... Alle gjer det. Det er noko vi ikkje tenker over. Men eigentleg bør ein ikkje dømme før ein kjenner personen, men det er jo ikkje alltid like enkelt, er det vel?

Det blir også slik med folk som er "feite". Folk mobbar dei på grunn av størelsen deira. Men det er ingen som er feite. For ein er ikkje feit, men kraftig, ein har ei kraftig kroppsbygning. Og folk som mobbar andre på grunn av kroppsstørelsen, er mindre i hode en nåken andre personar. Dei bør faktisk skaffe seg eit liv. 

Det blir også som eg har sett på tv no, om homofile og lesbiske skal få gifte seg i kyrkja eller noko. Kvifor skal dei ikkje få lov til det eigentleg? Har dei nokon grunn til å ikkje få lov? Dei har like stor rett til å gifte seg i ei kyrkje som andre. Og det at dei skal få adoptere barn også, kvifor ikkje? Kvifor skal ikkje dei få lov? Eg trur to homofile/lesbiske kan bli like gode foreldre for eit barn som ein mann og ei kvinne. 
Folk dømmer alt for lett innan det der. Kva er eigentleg så gale med homofile og lesbiske? Dei er jo menneske dei også, og like mykje verdt som alle andre her i verda. Alt det som går på tv om homofile og lesbiske og det å kunne gifte seg og i tillegg adoptere er berre tull. Dei dømme for fort dei som seier dei ikkje skal få lov til dette. Lat dei få lov til å gifte deg og å adoptere om dei vil, trur ikkje nokon tar skade av det akuratt.

Ingen kommentarer: