søndag 14. juni 2009

Sommer?

I helga var eg med pappa på hytta. Pleier eigentleg å vegre med for å reise på hytta, for når vi er der, er det somregel berre jobbing, jobbing og atter jobbing. Men denna helga skulle vist han jobbe med noko på brygga ilag med ein anna fyr som også har hytte der, så dermed var eg ganske så aleine oppe på hytta. Så det endte med at eg høyrde på musikk og las bok så å seie heile helga. Las ferdig 'Jordmoren' ein bokserie der det kjem ut ei bok i månaden. Og då eg var ferdig med den på fredagen, begynte eg på 'Ett glass melk, takk!', og den har eg nesten lest ut no, har berre litt igjen. Men uansett, no trur eg sommaren har komt så å sei for fult. I vert fall der vi har hytte, der var det varmt og blå himmel i dag, noko som endte med at eg vart solbrent etter å ha såtte i rundt ein og ein halv time ute i sola og lese bok + litt på lørdagen. På lørdag var det også ganske varmt, i vert fall om vi satt på den eine sida til hytta der det ikkje bles noko særleg, men det var litt skya, men elles opplett og sol. Fantastisk vær! Kom på i dag - nokså seint ja - ateg kanskje skulle tatt med badekle og tatt meg eit forfriskande bad i sjøen, men det var no ikkje noko av uansett. I dag lagde eg også vaffle før vi reiste heim igjen.Men eg har faktisk ikkje savna dataen (heldigvis). For eg er alt for mykje på datan uansett. Og på hytta ekje det internett, så slik er det med den saken. Om eg ikkje sett meg ut og logga meg på naboen sitt nett om han er der då, men når det er sol ser eg knapt nok det som er på skjermen, og om kvelden kjem myggen, så kva er vitsen med det då? Då trur eg nok at det er betre å ta med eit par gode bøker og heller lese på dei.

Ingen kommentarer: