torsdag 22. januar 2009

glad, likegyldig, sur, lei?

okei... gjer for tida ikkje nåke spesielt, det er skule, skule og atter skule. noko eg no er DRITT lei. Men men, må man, så må man... elles går vel tida egentlig til å skrive forskjellige stiler (tidsfordriv) og til å lese bøker. las ein god del før, men så datt det liksom litt ut, fant ingen skikkelig spennande bøker, men no har eg begynt på Twilight, og eg klarer knapt nok å legge fra meg boka om dagane. så er den typiske uvanen min, slå opp lenger bak i boka å lese litt, den einaste tanken som skyte gjennom hode mitt då er "Ooh, spennande :D NEI! skamm deg!" så er det å smelle igjen boka og begynne der eg egentlig var komt. Men boka er no so utruli spennande at det går nesten ikkje an.

og så kan eg ha eit forferdelig temperamang til tider. om eg har vert glad og fornøgd på dagen, slår det nesten ikkje feil i at eg kjem til å bli småsur for eit eller anna seinare på kvelden. enten det er skulen eller noko heilt uvesentlig. Meg sjølv for den slags skyld. og det bygger seg berre meir og meit opp etterkvart. og til slutt blir eg kanskje så sur og sint, og i tillegg til at eg ikkje har nåken å la det gå utover anna enn meg sjølv (eller eg har nåken eg kan la det gå utover, men dei kan heller få snakke dritt til meg personlig før eg faktisk gidde reagere), så einaste måten å få "tømt" meg på, er ved å grine, grine meg i søvn nesten. satan så domt det høres ut *ler* men det er no ikkje så ofte, første gangen det har skjedd faktisk Oo

i dag lagde eg faktisk ei kake. år å dag sia eg har gjort det no. lagde Saupekake, altså ei slags sjokoladekake :p

Men yes yes, no gidde eg ikkje skrive nåke meir. får vel pakke sekken til i måra, å snart legge meg. Så har vi jo ei forbanna helse prøve i måra og... faen -.-

Ingen kommentarer: